Å leve i nuet

180,00 kr

Forfatter: Sigurd Birkelund
ISBN: 978-82-7083-238-3

Ein mann er blitt pensjonist. Det er tid for å sjå tilbake, men også framover. Han spør: Korleis vart livet – og kva ventar meg no? Gjorde eg dei rette valg? Er det gagn i å tenkje på kva ein kunne ha gjort annleis? Korleis skal ein som pensjonist leva og innrette seg? Kan ein igjen sette seg mål, ha planer om å starte opp på noko nytt, gå nye vegar? Ein blir eldre. Korleis kan ein bu seg på at ein dag er alt slutt? Spørsmåla er mange ved ein viktig milepæl i livet. I denne boka tar forfatteren opp korleis ein ”lever i nuet”, let ambisjonar drive seg, korleis ein høyrer heime i eit miljø og korleis ein finn sin plass i yrkeslivet. Kort sagt korleis ein formar tilværet sitt og korleis ein sjøl blir forma av omskiftelege tilhøve. Ei tankevekkjande bok om det å leva.

Innbundet

Kategori: