Reidar Almås: Omstart – forslag til ein ny landbrukspolitikk

380,00 kr

Reidar Almås er professor og nestor innan norsk landbruksforsking. Han har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen, men nyleg endra han syn. – Norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, er ikkje til å berge. Vi treng noko nytt, meiner han. – Vi treng ein omstart, ein omstart verken dagens regime i landbruks- og matdepartementet eller dei norske landbruksorganisasjonane synest å vera i stand til å sette i gang.

I denne boka gir Almås ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk. Han er uroleg for kva som skjer med landbruket og presenterer ein alternativ landbrukspolitikk som kan auke norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar. Denne debattboka vil vera ein brannfakkel inn i norsk landbrukspolitisk debatt. Boka er eit forsøk på skape ein høgare himmel over landbruksdebatten og samtidig eit varmt forsvar for eit allsidig, lønsamt og berekraftig landbruk over heile landet.

Reidar Almås er norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk (1986-2013). Han er også ein aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Almås er seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforsking, som han bygde opp frå starten i 1982.

REIDAR ALMÅS:
Omstart – forslag til ein ny landbrukspolitikk
Innb. kr. 350,–
SNØFUGL, 2016
ISBN 978-82-7083-491-4

Kategori: