Anders Sakrisvoll: Johan Falkberget. Sengen har aldri vært min venn

250,00 kr

Hjelpesmannen og samfunnsmennesket Johan Falkberget

Anders Sakrisvoll fortel i denne boka om samfunnsmennesket Johan Falkberget. Johan Falkberget (1879 – 1967) er ein av landets store forfattarar. Han har gitt oss Den fjerde nattevakt, Christianus Sextus og Bør Børson jr. Han gav ut over 54 bøker, som vart tatt imot med stor interesse hos ein stadig veksande lesarskare i Noreg og utlandet.
Ved sida av å skrive vann han også mykje anna. Dei første åra arbeidde han i gruva, seinare var han redaktør og bonde. Han var også stortingsrepresentant, varaordførar, mangeårig medlem av kringkastingsrådet og ein mykje nytta talar.
Anders Sakrisvoll, som før har gitt ut  «Kvinnene nær Falkberget», skriv i denne boka om hjelpesmannen Johan Falkberget, om samfunnsengasjementet hans og om kontakten han hadde med andre menneske. Falkberget hadde travle dagar, og nytta tida godt. – Jeg unner meg toppen fem timer per døgn til søvn og kvile, har han sagt.

ISBN 978-82-7083-504-1

Kategorier: ,