Publisert

Brit Rakeng: Arsenikk og gamle smultringer

Leikar med kriminalsjangeren

Av Espen Tørset
Med den ferske Arsenikk og gamle smultringer har den erfarne forfattaren Brit Rakeng skrive ein velkomponert, spennande og lettlest kriminalroman som du godt kan ta med inn i påskehøgtida. Med kløkt leikar forfattaren med både sjanger og litterære klassikarar.
Handlinga i den siste romanen til Brit Rakeng er lagt til ei norsk jordbruksbygd ved riksvegen. Ein stad der ingenting hender. Før vi får ei forsvinning. Og før ein brå død etter kvart ser ut til å vere eit drap.
Brit Rakeng har ein munnleg forteljarstil som engasjerer lesaren. Gjennom korthogde og handlingsmetta setningar er ho rett på sak: «Det fatale kjøpet var nøye planlagt. Transportbehov og ferieplaner analysert. Sparegrisen slaktet. Kontrakten undertegnet. Forventningen stor og ektefølt. Misèren et faktum». Slike scener passar krimsjangeren godt. For her er framdrifta viktig for å halde på spenninga.
Samstundes er scenene filmatiske, med ein forteljar som zoomar seg inn mot og ut frå miljøa der handlinga er. Handlinga er i starten skildra utan varme. Når vi tidleg i boka får både ei forsvinning og ein brå død, er det mekanisk og upersonleg. Men etter kvart blir vi betre kjent med til dømes Oline, og ho får meir menneskelege eigenskapar.
Tittelen på boka er Arsenikk og gamle smultringer. Det er ein tittel som leikar med amerikanske Joseph Kesserlings thriller Arsenikk og gamle kniplinger. Rakengs roman har klare parallellar til den klassiske kriminalfarsen frå 1941. Romanen har elles fleire peikarar mot norsk og europeisk litteratur. Her møter vi både bygdedyret og Bøygen.
78 år gamle Brit Rakeng er ein allsidig forfattar, som har har skrive bøker i fleire sjangrar. Men ho er først og fremst ein romanforfattar. I romanen Leas blogg frå 2016, tar Brit Rakeng lesaren med til Midt-Austen med motiv frå Bibelen som bakteppe. Arsenikk og gamle smultringer er hennar første kriminalroman. Vi får håpe det ikkje blir den siste.