Einar Bardal: Innberanna
350,00 kr
I romanen Innberanna møter vi folket og livet på ein gard i Inntrøndelag på syttenhundretalet. Forteljinga er inspirert av og har biografiske koplingar til forfattarens eiga farsslekt. Vakre og kloke Innberanna er gjennomgangskarakteren
framfor nokon annan, med styrke og stoltheit som blir sett hardt på prøve meir enn ein gong. I store trekk er det ei framgangstid, med større og betre hus, nytt i jordbruket, opplysing frå preikestolen og eit skolestell som sakte veks fram gjennom startvanskane. Men livet er krevjande,med smittsame sjukdomar, uår, død, kompliserte men òg sterke kjærleiksforhold, brotsverk og straff.