Reidar Almås: Framsteg i 100 (1919–2019)
400,00 kr
Ungdomslaget Framsteg på Hølonda vart stifta i 1919 av 15 ungdomar som kalla seg frilynte.
4. mai i 2019 fyller laget 100 år. Ein komite med Reidar Almås som redaktør, har samla stoff og bilde frå lagsavisa Måltrosten, om folkedans og amatørteater, om friluftsliv på Jårakjølen og slåttardag ved Morsjøen, om bygging og ombygging av ungdomshuset Vonheim, der laget med jamne mellomrom samlar fulle hus til Jårarevy, basar eller loppemarknad – og har laga denne boka om hundreåringen.
ISBN 978-82-7083-565-2