Anders O Stende og slekta hans – Eivind Stende

300,00 kr

Beskrivelse

Anders O Stende (1855-1950) var frå Øye, Vang  i Valdres. Den lengste tida budde han i Frøyselykkja i Gausdal, der han var lærar. Han vart gift med Ida Østerlid i 1881. Dei fekk sju barn. Ho døde i 1895. Sju år seinare gifta Anders seg på nytt, med Johanne Hoff. I det andre ekteskapet kom òg sju barn til verda. Noen av Anders`søsken og barn utvandra. Mellom Amerika og Norge gjekk det mange brev, og likeins mellom slektningane her heime. Denne store brevskatten er tatt vel vare på.  I denne boka presenterer Anders sitt barnebarn Eivind Stende korrespondansen som gjekk gjennom mange tiår. Den fortel om hendingar i heimlandet, og om livet norsk-amerikanarane fekk. Breva gir eit interessant og rørande bilde av arbeid, utvikling, omtanke og kjærleik gjennom heile den lange tid Anders O Stende fekk.