Birger Nygård: Ganskogen syng

350,00 kr

Handlinga i romanen Granskogen syng er lagt til eit mindre skogsarbeidar- og småbrukarmiljø i dei store skogsområda i det indre austlandsområdet. I dette miljøet følgjer vi hovudpersonen i boka, Jarleiv Røysås, frå han blir fødd til han byrjar på gymnaset som sytten – attenåring. Boka gjev eit godt og treffande bilete av dei ulike sidene av dette miljøet og korleis eit fattig, men nøysamt folk kjem seg gjennom dei vanskelege dagane i åra før, under og like etter den andre verdskrigen.
Men først og fremst er dette skildringa av utviklinga til Jarleiv Røysås, ein kjenslevar unggut og hans kjærleiksliv heilt frå hans tidlegaste barneår, og her er fleire frodige skildringar av hans vaknande driftsliv. Kjærleikslengt er elles eit vesentleg tema gjennom heile romanen, både hos hovudpersonen sjølv og dei som står han nærast, hans foreldre og besteforeldre.

Forfattaren kjenner dette miljøet godt, då han sjølv levde store delar av sine barne- og ungdomsår i eit liknande småbrukarmiljø i skogsområda på Austlandet. I skogkommunen Hurdal blei Birger Nygård fødd i 1931, og her budde han før han fekk seg vidare utdanning og flytta bort for godt. Sidan har han heile livet igjennom arbeidd i skolen på ulike stader og i ulike stillingar. Dei siste tretti åra, til han gjekk av med pensjon, var han tilsett som skolesjef i Midsund kommune i Møre og Romsdal.

 
Birger Nygård har alltid vore glad i å teikne og skrive. Han har såleis tidlegare skrive ei større slektsbok og ei artikkelsamling «Under ein høgare himmel», om samisk levesett, kunst og kultur, ved sida av noko stoff i ymse aviser. Men det er først nå, 82 år gamal, at han debuterer med dei første litterære bøkene, diktsamlinga Attanfor og denne romanen Granskogen syng.

Romanen er ingen sjølvbiografi. Men nokre hendingar forfattaren sjølv har opplevd i tidlege barne- og ungdomsår har vore med på å forme det miljøet vi møter i boka. Fleire av dei soger og segner som er skildra i boka, kunne såleis ha vore tatt direkte ut av livet i dei djupe, mørke og mystiske skogane der Jarleiv Røysås og hans folk lever.

ISBN: 978-82-7083-441-9
Forfatter. Birger Nygård
Utgiver Snøfugl AS
Antall sider: 117
2013