Johs Bueie: Svarten
100,00 kr
Johs Bueie, som har skrive historia om «Svarten», den gamle bruktbilen med dei mange nykker, er frå Gudbrandsdal. Og det er helst bygdebilete frå «Dalenes dal» forfattaren tar fram. Men Svarten kan finne på å vere vidfarande og. Da kjem gjerne eitt eller anna interessant til å henda. I «Svarten» kjem den logne smilen fram, og det nøkterne alvoret, men ingen peikefinger. Svarten er og blir ein «velrøynd» bruktbil av gåtefull årgang. Og med sine særskilte luner, til dømes motorstopp i vinternatta på avsides veg i 25 kuldegrader, gjev han lesaren lette frysningar over ryggen. Men gjennom alt skin den gode og kvikke humoren. Bygdebileta er ekte og opplevde. Ein gir seg med glede saman med Svarten på eventyrleg ferd.
ISBN 978-82-7083-045-3
Forfatter: Johs Bueie
Heftet