Sigurd Birkelund: Aldri meir!
200,00 kr
Litt før midnatt 9. april 1940 fekk statsminister Nygaardsvold melding om at fleire framande skip var på veg inn i Oslofjorden. Han kalla straks regjeringa saman. Under dette møtet fekk regjeringa melding frå den tyske ministeren, Curt Bräuer, som ba om å få tale med utanriksminister Halvdan Koht. Den tyske sendemannen la fram dei tyske krava: At Tyskland skulle overta kontrollen over Norge for å sikre landet nøytralitet. I denne boka gir Sigurd Birkelund eit oversyn over det som skjedde i denne vårdagen i 1940 og vidare gjennom dei fem lange åra vi var under nazi-Tysklands styre.
Sigurd Birkelund (f. 1930) tok juridisk embetseksamen i 1956, var student ved London School of Economics 1961–62 og tok som 84-åring i 2014 mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo. Han har arbeidd som departementssekretær, har vore dommarfullmektig ved Strinda sorenskrivarembete, byråsjef og sjef for distriktshøgskoleseksjonen i Kyrkje- og undevisningsdepartementet, edruskapsdirektør i Norge og formann i Trygderetten. Han har deltatt ifleire offentlege råd og utvalg og har vore medlem av Oppegård kommunestyre og Akershus fylkesting. Han har tidlegare gitt ut bok om Trygderetten (1997) og boka «Å leve i nuet» i 1999.
ISBN 976-82-7083-564-5