Beskrivelse
Forfattaren Johan Taftø fortel om da han som tiåring fekk vera med frakteskuta Johanna frå Trøndelag til Finnmark i 1953. Dette var berre åtte år etter krigen, og mor til Issis, som guten heiter, var redd for å la han dra med på denne farefulle ferda. Den gongen med daglege minemeldingar på radioen, og til eit krigsherja Finnmark. Men etter mykje mas ga mora etter. Undervegs, og seinare, gjer han mange observasjonar. Guten er no over 80 år og fortel friskt frå reisa og frå mange hendingar langs kysten.
Han har prøvd å knyte det lokale i barndommens fjord til det meir nasjonale og internasjonale. Utvikling av dialekten og språket er et tema gjennom boka.
Taftø er frå Hemne i Trøndelag. Han er fysikar og har vore professor ved Universitetet i Oslo, og har hatt forskningsopphald i til sammen åtte år ved Fritz-Haber-Institut i Vest-Berlin og ved Arizona State University og Brookhaven National Laboratory i USA. Under studietida arbeidde han om somrane på båtar og kjenner også leia godt.
Inge Eidsvåg,



