Ordbok over Melhus-målet

150,00 kr

Forfatter: Erik Tofte

Veit de kva det betyr når nokon «fråggå»? Eller kva ein «stuppul» er? I denne boka vil du finne svar på dette, og få forklåring på mange andre trønderske ord og uttrykk. Alle orda som er tatt med i boka er i levande bruk. Nokre av orda blir brukt i eit svært avgrensa område og andre er kjent i større delar av Trøndelag. Mange uttaleformer er felles, særleg i Flå, Melhus, Leinstrand og Buvika, som på mange felt har dei samme språklege særteikna.

Erik Tofte er frå Melhus. Han har tidlegare gjeve ut dei lokalhistoriske bøkene «Tuftan fra Svartedauen til 2000» og «Jakt og utmarksliv gjennom 50 år» . Han er leiar i Melhus historielag og redaktør for årsskriftet «Melhusbyggen».

Innbundet.

ISBN 978-82-7083-347-4

Kategori: