Dikt frå Elgsnes

175,00 kr

Edvard Ruud har gjennom eit langt liv vore ei drivande kulturkraft. På mange felt har han gjort stor innsats for heimbygd og landsdel.
Historie, landskapet, årstidene og folket i Nord-Norge har vore kjelder til inspirasjon for hans virke. Ikkje minst har nordlendinganes språk og talemåte gitt grunnlag for utforming av dikta i denne boka. Opplevingar og tankar i mørketid og sollyse dagar, prega av vind og bårer og ein vakker og vekslande natur er skrive ned.
I dikta tar han for seg mange emne og engasjerer seg i ulike spørsmål. Ruud auser av ein stor ordrikdom for sine skarpskorne vers, og har rom for både alvor og skjemt.

Kategori: