Torleif Andersen: Heimlengt

250,00 kr

Heimlengt er Torleif Andersens andre diktsamling. Den første kom i 1971 og hadde tittelen Villmark. Som i den første boka hentar han motiv frå naturen, havet og historia. No er også heimtraktene med i
bildet, bygdene i Trøndelag, der han voks opp. På bokframsida er tegning av mellomalderkyrkja på Byneset ved Trondheims-
fjorden med, den symboliserer heimlengten.
Andersen starta yrkeskarrieren sin på sjøen, berre 15 år gammal,
først på skoleskip og etter det i tre år på store skip i utanriksfart.
Etter militærteneste arbeidde han i industrien, gjekk så yrkesskole og vart tømrar, og bygde i mange år hus.  Frå 1972 til han vart
pensjonist var han i trykkeri, først i Bygdetrykk på Melhus, så i sju år i Rana Blad og var dei siste 24 åra typograf i Nordlys i Tromsø. Etter at han vart pensjonist budde han noen år i Vardø, og har no heimen sin i Ofoten.
Heilt frå unge år har han skrive dikt, som har stått på trykk i m. a.
Bygdebrevet, Nordlys, Adresseavisen, Gaula og Fosnafolket.
Torleif Andersen har m. a. skrive ”Messingsong”, som vart framført ved opninga av Bynesaulaen i 2014. Henning Sommerro sette tone til Messingsong, som vart framført av Randi Stene, Harald Bjørkøy og Øystein Baadsvik med Jakob Margido Esp som resitør.

ISBN 978-82-7083-522-5

Kr 250,-.

Kategorier: ,