Einar Bardal: Skyldnaden

330,00 kr

I Skyldnaden får vi eit nytt møte med folket på Stavdal, same slekta som i romanen Innberanna. Hovudhandlinga går no føre seg tre ættled seinare (1865-1880), men med tilbakeblikk, der vi mellom anna kan lese om ei mystisk forsvinning. Hovudpersonen i Skyldnaden er den oppvakte og kjenslevare ungguten Lars, som får eit skiftande og til dels opprivande forhold til kjærasten Kjerstina så vel som til broren Andreas. Drengen Ola blir beste vennen til Lars, men han vil aldri fortelje noko om bakgrunnen sin. På tur til Sundnes gard og som elev på folkehøgskolen Vonheim opplever Lars møte med fleire offentleg kjente og banebrytande personar. Tida er i det heile prega store framsteg i landbruket og i samfunnet. Einar Bardal debuterte som skjønnlitterær forfattar med samtidsromanen Ved Vemod sjø i 2016, og bidrog same året med dikt til boka Twist – ein vestlandsantologi. Året etter følgde han opp med den historiske slektsromanen Innberanna.
Einar Bardal er frå Egge i Nord-Trøndelag og bur no på Voss. Han er pensjonist og har vore professor ved NTNU.

ISBN 978-82-7083-587-4